Slike plakatar i daglegvarebutikkane har vorte stadig meir vanlege. Foto: André Lorentsen/NTB/NPK.

Nortura åtvarar mot hamstring av egg

Matbutikkane skulle gjerne fått inn meir egg enn dei gjer. Nortura har sett inn fleire tiltak, men åtvarar mot hamstring.

Eggmangelen har gått føre seg sidan i fjor sommar, og misnøya blant både daglegvarekjedene og underleverandørar har vorte stadig større. Kommunikasjonsdirektør i Coop Norge, Harald Kristiansen, seier til Bergensavisen at dei får levert egg kvar dag.

– Det er ikkje slik at det kjem til å bli heilt tomt, men det er generelt for lite egg i marknaden til å dekkje den store etterspurnaden, slik at vi fryktar at det i korte periodar kan bli utselt for nokre variantar, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje kommunikasjonsrådgivar Matilda Aronsson i Nortura er det er første gong på 15 år dei har underskot på egg.

– Vi har sett inn fleire tiltak. Mellom anna så importerer vi meir egg til industrien slik at norske egg kan gå ut til daglegvarehandelen og storkjøkken, seier ho til BA.

I tillegg skal hønene produsere nokre veker lenger før dei «pensjoneres». Ho fortel at slik situasjonen ser ut no vil Norturas leveransar av egg inn mot påska 2024 vere på nivå med i fjor.

– Med tilstrekkeleg import og andre tiltak på plass kan vi sikre at alle dei norske eggene blir tilgjengeleg i daglegvaremarknaden til påske.

Samtidig kjem ho med ei klar åtvaring.

– Dette føreset at folk ikkje byrjar å hamstre, då kan situasjonen bli ein annan. (©NPK)