Future of the Fjords.

Norske skip lista som verdssensasjonar

Den maritime nyheitsnettstaden Maritime Insight summerer opp 2018 og har funne plass til norske skip på lista over nyvinningar i året som gjekk.


– I 2018 lanserte den maritime industrien nokre av dei mest imponerande fartøya som også er dei første i verda i sitt slag, skriv Maritime Insight.


Nettstaden listar blant anna opp AIDAnova, det første LNG-drivne cruiseskipet i verda. På lista er også passasjerskipet Viking Grace som går i rute mellom Sverige og Finland, og som er det første i verda med eit rotorsegl for å nytta vindkraft.


På fjerdeplass blir den heilelektriske katamaranen Future of the Fjords presentert. Maritim Insight trekkjer fram at reiarlaget The Fjords har sett ein ny standard for miljøvenleg og ansvarleg passasjertransport med det utsleppsfrie fartøyet.


Nettstaden nemner i tillegg at The Fjords saman med båtbyggjarane Brødrene Aa utvikla Power Dock til lading av katamaranen.


Det første autonome og elektriske containerskipet i verda blir også omtalt av Maritime Insight. Skipet er utvikla av Yara og Kongsberggruppen, skal byggjast av Vard, sjøsetjast i første kvartal 2020 og vera i autonom drift frå 2022. (©NPK)