Norske hus treng oppgraderingar som til saman vil koste 31 milliardar. Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Norske hus bør oppgraderast med 31 milliardar

Det er nyleg gjort ein analyse av over 160.000 nye tilstandsrapportar frå takstingeniørar. Den viser at norske bustader har eit oppgraderingsbehov på til saman 31 milliardar kroner.

Det er ein analyse av tilstandsrapportar frå takstingeniørar etter at avhendingslova blei endra for to år sidan, som avdekkjer det enorme oppgraderingsbehovet på til saman 31 milliardar kroner, skriv NRK.

Dei fleste alvorlege tilstandsgradane blir avdekte i våtrom og kjøkken. Utbetringsbehova i våtrom er vanlegvis dei mest kostbare.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg er hustak og rom under terreng utsette for skader.

– Standarden på norske bustader er høg, og vi bruker rundt 100 milliardar kroner årleg på å pusse opp bustadene. Men vi bruker kanskje for mykje pengar på det som skal sjå på pent ut. Vi burde kanskje bruke meir av dei pengane på å rehabilitere det som verkeleg er viktig, seier Morten Andreas Meyer, generalsekretær i forbrukarorganisasjonen Huseierne. (©NPK)