Eit av verdas største kolkraftverk – Matla Power Station i Sør-Afrika. Foto: Cornelius Poppe/NTB/NPK.

Norske forskarar trur ikkje verda når klimamålet

196 norske klimaforskarar NRK har spurt, trur ikkje verda vil greie å nå målet om å avgrense oppvarminga av kloden til 1,5 grader.

1,5-gradersmålet var sett som eit mål for å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane i Parisavtalen frå 2015. I ei undersøking NRK har gjennomført blant klimaforskarar over heile Noreg, svarte 221 av dei på spørsmåla om måla i avtalen vil bli nådd.

Av dei trur 89 prosent, totalt 196 forskarar, at det er usannsynleg at verda vil nå målet om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette målet vart sett fordi ein større auke i temperaturen vil føre til større endringar i klima og vêr enn det samfunnet er tilpassa, forklarer klimaforskar Bjørn Samset i Cicero Senter for klimaforsking.

– Det skal veldig mykje til for å nå 1,5-gradersmålet. Hadde vi klart å kutte utsleppa for 15–20 år sidan, hadde vi nådd det lett, seier Samset.

Han grunngir svaret med at ein i dag har god oversikt over utslepp av klimagassar og kor mykje som skal til for å redusere dei i tide. Han meiner det likevel er lurt å jobbe for å halde klimagassutsleppa nede. Ein reduksjon av klimagassar kan få temperaturen ned igjen. (©NPK)