Fôrimportør fryktar fôrkrise i Noreg dersom våren blir sein. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Norske bønder må hente fôr i Nederland

Mange graslager her heime er tømde som følgje av dårleg avling i fjor. No må enkelte heilt til Nederland for å skaffe fôr.


– Dei siste par månadane har vi måtta importere frå Nederland for å dekke etterspurnaden. Det har eg aldri vore borti før, seier Alf Steinhovden i Vestfôr A/S til NRK.


Han har selt fôr i 25 år, men aldri opplevd noko som liknar situasjonen i år.


– Når du skal selje fôr lyt du vere glad for stor pågang, men no blir det nesten for mykje. Eg har vore nær ved å seie at no kan eg ikkje love noko meir for eg har ikkje større importkvote, seier han.


Han fryktar det kan bli fôrkrise dersom våren blir sein. (©NPK)