Hval sjokoladefabrikk slit økonomisk. Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Norsk sjokoladeprodusent i vanskar

Sjokoladeprodusenten Hval har tapt seks millionar kroner i år. – Det er slutt om eitt år om vi ikkje klarer å finne på noko nytt, seier gründer og fabrikksjef Rune Forsberg til Dagens Næringsliv.


Det er auken i sukker- og sjokoladeavgifta som gjer at den norske sjokoladeprodusenten i Sandefjord no slit økonomisk. I mai var tapet på éin million kroner, men på få månader har det no forverra seg til eit tap på seks millionar kroner. 24 prosent av omsetninga er barbert bort.


Hval måtte derfor frå mai til august i år permittere alle dei 14 tilsette på 60 prosents basis.


– Men permisjonar har vore nødvendig for å komme gjennom den siste perioden med lågare volum. Vi har aldri hatt behov for det tidlegare. Det er ganske dramatisk, seier fabrikksjefen.


Dagleg leiar Adrian Forsberg seier at framtidsutsiktene til Hval kviler på kva regjeringa kjem til å gjere med budsjettet neste år.


– Det er ein kamp vi kjempar og har kjempa lenge for. Det er utakksamt når regjeringa aukar ei avgift som allereie er så konkurransevridande, seier han.


– Vi flyt over denne vinteren, men det er slutt om eitt år om vi ikkje klarer å finne på nokre nye stunt, legg Rune Forsberg til.


Hval har no begynt ein prosess med å bli kake- og kjeksprodusent. Kaker og kjeks med opptil 49 prosent sjokolade er ikkje underlagt sukker- og sjokoladeavgifta.


– Det er det einaste vi kan prøve å få til kjapt, påpeiker fabrikksjef Rune Forsberg. (©NPK)