Arve Kleppe er konstituert i 40 prosent stillig som dagleg leiar for Norsk Country Treff. Å planleggje komande festival utan å vite om knutepunktstatusen vert vidareført, er svært vanskeleg.

Norsk Country Treff riggar om organisasjonen

– Sidan vi ikkje veit kva som skjer med Knutepunkt-ordninga, er det veldig vanskeleg å planlegge neste festival, seier Arve Kleppe.

Arve Kleppe er konstituert i stillinga som dagleg leiar i Norsk Country Treff (NCT) i 40 prosent. Den førre leiaren, Eva Hage Solstad, har fått permisjon. Bakgrunnen er uvissa kring Knutepunkt-statusen.

Må rigge om

Dersom ordninga fell vekk, mister NCT, og alle andre knutepunktfestivalar, det offentlege tilskotet. NCT har dette året eit budsjett på sju mill. kroner. Av dette er 2.9 mill. kroner offentlege midlar. 60 prosent kjem frå staten, 30 prosent er frå fylket og 10 prosent frå Gloppen kommune.

– Vi fekk knutepunkt-status i 2012. Det medførte krav som gjorde at vi måtte tilsetje ein dagleg leiar. No signaliserer Regjeringa at ordninga skal fjernast. Utan tilskot har vi ikkje råd til heilårsdrift og må rigge om organisasjonen, seier Arve Kleppe. Derfor valde Eva Hage Solstad å søkje permisjon.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.