Geir Bukholm, smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet, seier gjenopning først kan skje når vi ikkje risikerer overbelastning av sjukehusa. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

– Noreg kan ikkje opnast før 45-åringane er vaksinerte

Denne veka passerte talet på fullvaksinerte nordmenn 230.000, men det er langt frå nok. Noreg kan ikkje gjenopnast før alle over 45 år er vaksinert, trur FHI.

Noreg kan opne opp når sjukehusa ikkje lenger risikerer overbelastning. Det seier Geir Bukholm, smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vi trur ikkje at vi er der før vi har vaksinert ned til 45 år. Førebelse estimat viser at då har vi vaksinert ein så stor del av befolkninga at risikoen for at vi overbelastar helsevesenet er liten, seier smitteverndirektøren til Morgenbladet.

Artikkelen held fram under annonsen.

FHI anslo tidlegare denne veka at dei fleste over 65 år ville vere vaksinert innan midten av mai, men det var før nyheita om at Noreg får opptil ein million færre vaksinedosar frå AstraZeneca og før det vart kjent at norske styresmakter stansar vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen inntil vidare inntil ein har undersøkt danske rapportar om moglege dødelege biverknader.

Dansk 50-årsgrense

Ifølgje Bukholm er det fleire døme på at friske folk under 65 år har hamna på sjukehus.

– Vi ser ei rekkje personar i aldersgruppa 45 til 65 år, der helsetenesta ikkje har funne at dei har nokon spesiell disposisjon for alvorleg sjukdom, men der ein del av dei likevel kan få ei utvikling der dei hamnar på sjukehus og treng intensiv behandling, seier Bukholm.

Torsdag vart det kjent at det er brei politisk semje i Danmark om å fjerne alle koronarestriksjonar og opne samfunnet igjen så snart alle danskar over 50 år er vaksinert. Det vart slått fast i ein partileiardebatt på dansk TV 2 i samband med eittårsdagen for nedstenginga i landet.

Uvisst når 45-åringane står for tur

FHI har ingen

Det er om lag 1,1 million innbyggjarar her i landet i aldersgruppa 45 til og med 64 år.

(©NPK)