Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp). Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Noreg gir 3 milliardar kroner meir til Ukraina i 2022

Regjeringa har vedteke å gi 3 milliardar kroner til i militær støtte til Ukraina i 2022, opplyser forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Til NRK seier Gram at mesteparten av midlane går til fond for militær støtte til Ukraina.

– Invasjonen av Ukraina har skapt den største krisa i Europa sidan andre verdskrigen. Behovet for militær støtte til Ukraina er omfattande og tidskritisk og legg til rette for at landet kan forsvare seg mot Russlands folkerettsstridige militære angrep, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kunngjorde under eit besøk til Kyiv i juli at Noreg ville auke støtta til Ukraina med 10 milliardar kroner i 2022 og 2023.

Ifølgje NRK kjem dei 3 milliardane som blir gitt til Ukraina i militærhjelp no i år, frå dei 10 milliardane Støre varsla i juli. Dette i form av ein proposisjon som vart oversend Stortinget fredag, om ein auke på forsvarsbudsjettet.

Regjeringa foreslår ifølgje NRK også å skaffe vinterklede og utrusting til dei ukrainske styrkane for inntil 250 millionar kroner.

– Vinterutrusting er avgjerande for at dei ukrainske soldatane skal kunne operere og forsvare seg gjennom hausten og vinteren, men mykje av dette materiellet gjekk tapt i dei første månadene av krigen. Landa som støttar Ukraina, bidreg i ein koordinert innsats med å skaffe varmeisolerande klede og anna materiell som til dømes telt og primusar, seier Gram.