Det var mykje folk ute i Oslo laurdag kveld. Foto: Naina Helén Jåma/NTB.

Nordmenn sine bankkort gjekk varme opningshelga

Då landet gjenopna laurdag drog Nordmenn kortet på barar dobbelt så mykje som laurdagen før, viser tal frå BankAxept og Vipps

Same helg i fjor var auken på 200 prosent, medan han berre var på 15 prosent målt mot «normalåret» 2019.

− Utelivet er tilbake, og tala våre viser heilt tydeleg at mange har vore ute og feira i helga, seier kommersiell leiar Vegar Heir i Vipps i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag var det fullt og lange køar på mange utestader rundt omkring i landet etter at koronarestriksjonane vart fjerna klokka 16. Etter halvtanna år med einmetersregelen, og dermed inga dansing på utestadene, kunne nordmenn ta av på dansegolvet laurdag.

Heir i Vipps meiner at QR-kode-løysinga, der kundane kan sitje på bordet og bestille via mobilen, er viktig, sjølv om det no er fritt fram for å bestille i baren.

− Gjester får bestilt og betalt raskare, og serveringsstaden får høgare effektivitet. Den forenklinga er det mange som set pris på, og dette trur vi har komme for å bli, avsluttar Vegar Heir.

(©NPK)