Kommunikasjonssjef i Vinmonopolet, Jens Nordahl, er fornøgd med salsveksten i sommar. Foto: Trond Reidar Teigen/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn på heimeferie valfarta til polet

Vinmonopolet går så det suser i eit Noreg prega av koronarestriksjonar. I juli enda salsveksten på heile 59 prosent.

Etter svært gode tal i vårhalvåret, steig salstala til vêrs i eit sommar-Noreg der nesten alle nordmenn ferierte i eige land, melder E24.

Salsveksten det første halvåret i 2020 vart på 32 prosent målt mot same periode i fjor. I sommar steig salet til nye høgder takka vere finver, to fleire salsdagar enn i fjor og ei svak krone.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Salet til Vinmonopolet har auka etter koronautbrotet, omtrent som forventa med tanke på at grensehandel og taxfree på ferjer og flyplassar for ei stund har stoppa nesten heilt opp. Det har òg vore betydeleg redusert skjenking på restaurantar, barar og kafear dei siste månadene, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Etter at koronatiltaka vart innførte i mars, har Vinmonopolet hatt 135.000 fleire kundar kvar veke. Kvar kunde kjøper òg meir. Tidlegare kjøpte kvar kunde 2,2 liter per handel, no er det nær tre liter per handel.

(©NPK)