Aksjonistar frå Natur og Ungdom blir tidlegare denne veka fjerna av politiet etter at dei prøvde å stanse anleggsarbeidet til Nordic Mining ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom/NTB/NPK.

Nordic Mining får endeleg driftsløyve ved Førdefjorden – miljøkrava blir skjerpa

Nærings- og fiskeridepartementet har etter ei grundig vurdering vedteke å halde fast ved tildelinga av driftskonsesjon til Nordic Rutile ved Førdefjorden.

Samtidig skjerpar næringsministeren miljøkrava i driftskonsesjonen og ber bransjen førebu seg på nye tiltak for ei meir berekraftig mineralnæring, heiter det i ei pressemelding frå departementet.

– Departementet har gått grundig gjennom saka og komme fram til at selskapet etter gjeldande minerallov må innvilgast driftskonsesjon. Klagene har likevel ikkje vore forgjeves: Eg har lytta til miljørørsla og stramma inn miljøkrava i driftskonsesjonen betydeleg. Det har vore viktig for meg å gå så langt som handlingsrommet mitt tillèt, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Aksjonistar frå Natur og Ungdom har denne veka forsøkt å stanse arbeidet på staden ved å lenke seg fast til anleggsmaskinar. Dei protesterer mot planane om å deponere 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.