Pelsdyroppdrett: Eit fleirtal på sju i Arbeidarpartiet sin programkomité vil gå til stortingsval på å stryke pelsdyrnæringa frå alle offentlege budsjett. Om dette skjer, betyr det i praksis slutten på pelsdyrnæringa i fylket.

Nordfjord psykiatrisenter kjem på døra med rask hjelp

19. januar starta Nordfjord psykiatrisenter opp eit heilt nytt lågterskeltilbod til personar over 18 år. Då vart eit team på 6 terapeutar med vidareutdanning innan psykiatri og med lang erfaring sett i drift. Ein lege har i tillegg bakvakt og er tilgjengeleg.
Teamet skal kunne tilkallast i heile Nordfjord mellom klokka 08.00 og 16.00 om kvardagar og mellom 10-16.30 i helgar og på heilagdagar og yte det ein populært kan kalla mental førstehjelp.
– Vi skal ikkje drive utrykning med blålys. Vi kjem så raskt som mogeleg og seinast innan 24 timar, seier May Kristin Sæther. Tidlegare i denne veka presenterte ho det nye tilbodet saman med overlege Petter Bugge og Solfrid Lillebø i Mental helse.
– Det er ikkje eit tilbod som gjeld 24 timar i døgnet. Det har vi ikkje kapasitet til, og det er det veldig sjeldan behov for, seier Petter Bugge.

Les meir om det nye tilbodet i papirutgåva fredag.

Nordfjord psykiatrisenter har etablert tilbod om ambulante akuttenester. Overlege Petter Bugge, Solfrid Lillebø i Mental helse og avdelingsleiar May Kristin Sæther er overtydde om at tidleg hjelp på lågare nivå vil vere positivt.