Både den moderne og eldre historia i Nordfjord er henta fram når Nordfjord Folkemuseum fyller 100 år.

Nordfjord Folkemuseum rundar 100 år

Sverd, dåpshuer, erotiske magasin og våpen med den tyske ørn og hakekors er berre nokre av gjenstandane museet syner fram når dei skal fortelje si 100-årige historie.

—Vi ynskjer å vise at historia til museet er tett knytt til samfunnet elles. Mange av dei gjenstandane som har blitt samla inn i løpet av desse 100 åra ville dei som var pådrivarar for museet i si tid takka nei til. Det må sjåast i lys av samfunnet generelt, der vi har gått frå lokal- og handproduserte produkt til masseprodusert overflod for folk flest. Mange tema som var tabu eller sett ned på før, har ein også seinare fått auga opp for, seier avdelingsdirektør ved museet, Anne Kristin Moe.

Gjennom utstillinga får publikum sjå fleire av dei første gjenstandane, som vart samla inn fleire år før museet var ein realitet. Men mange nyare gjenstandar, som kan vekkje minner for folk i alle aldrar, er også henta fram frå magasina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smørkanna har vore logoen til Nordfjord Folkemuseum, og museet har over 100 ulike typar av den i samlinga.

—Vi har over 20 000 gjenstandar i samlinga, og 44 antikvariske bygg. Å presentere alt er ikkje mogleg. Det å velje og bestemme kva som representerer dagleglivet til folk i Nordfjord før og no er museet si oppgåve. Det er inga enkel oppgåve, og alle vil ikkje vere samde i våre val når det gjeld det vi tek inn i samlingane eller det vi syner fram i utstillingar. Å skape diskusjon om dette er også ei av oppgåvene våre, så slike diskusjonar helsar vi velkomne, understrekar Moe.

Variert markering

På den regntunge dagen i 1920 hadde mellom 600 og 700 menneske møtt fram for å vere med på opninga av museet, som skulle samle historier og gjenstandar frå dagleglivet i Nordfjord. Folk kom frå alle stader i regionen og heilt frå Amerika. I 2020 gjer koronasituasjonen at det blir få utanlandske turistar og heller ikkje høve til større markeringar av jubileet. Museet er ope alle dagar i juli og august, men har sett seg nøydde til å avlyse omvisingar og større arrangement av smitteomsyn og redusert bemanning.

—Det var ein strek i rekninga, men vi håpar at mange vil kome og sjå utstillinga. På sjølve 100-årsdagen, 25. juli ei markering. Vi har også oppdatert og utvida rettleiaren om friluftsmuseet, noko som gjer at folk på eiga hand kan få større kunnskap om husa og menneska som budde i dei, seier Moe.

Kårdeklinga har museumsnummer 1, og er den første gjenstanden som vart registrert på museet.

Seinare i år vil museet også publisere ei artikkelsamling der ei rekkje artiklar om bygningane på museet, utviklinga til museet og nokre av dei sentrale personane gjennom desse 100 åra er omtala og skrivne om. For museet er dette viktig dokumentasjon om si eiga historie, men dei ulike skildringane og forteljingane gir også god innsikt i dagleglivet i Nordfjord gjennom 100 år.

Jubileumsutstillinga opnar 1. juli, og artikkelsamlinga kjem i løpet av hausten 2020.