Nordfjord sjukehus får akuttpsykiatrisk døgnvakt.

Nordfjord får akuttpsykiatrisk legevakt

Helse Førde og seks Nordfjord-kommunar går saman om eit akuttpsyiatrisk tilbod unikt for Sogn og Fjordane. Gjennom denne nyskapinga får innbyggjarane tilgang til psykiatrisk og rusfagleg hjelp heile veka, døgnet rundt, skriv Helse Førde på nettsidene sine.

Tett samarbeid med kommunane

Det nye tilbodet skal samarbeide med og vere samlokalisert med den somatiske legevakta ved Nordfjord sjukehus, og består av ambulant team ved Nordfjord psykiatrisenter og kriseplassar ved psykiatrisenteret. Kommunane som deltek er Stryn, Selje, Eid, Vågsøy, Hornindal og Gloppen.

Det spesielle med, og føresetnaden for at tilbodet skal bli ein realitet, er det tette samarbeidet mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Tilbodet skal prøvast ut og evaluerast etter eitt år.

To pluss to nye stillingar

Det akutte døgntilbodet inneber fire nye stillingar, der Helse Førde finansierer to og kommunane går saman om å finansiere dei to andre. På denne måten kan fagpersonane vere tilgjengelege døgnet rundt.

- Vi har arbeidd lenge med denne modellen. Berre det å få seks ulike kommunestyre til å fatte positive vedtak har vore litt av eit C-moment, seier Aarre. – Men det lukkast fordi kommunane skjøna at vi for alvor stillte opp på dette, og dei skjøna at vi ønskjer å spele på lag med dei.

Operativt frå i sommar

Aarre fortel at tilbodet blir aktivt så snart som råd.

- Truleg kjem vi i gang i løpet av sommaren. Det står att ein del forhandlingar rundt vaktplanar og beredskap, og dette har tatt ein del tid lenger enn berekna, seier han.