Nordfjord-aviser i medvind

Alle dei fire lokalavisene i Nordfjord har vekst i opplagstalet andre halvår 2021 samanlikna med same periode året før.

Firda Tidend har no eit opplagstal på 2.925, som er 19 meir enn andre halvår i 2020.

Tilsvarande tal for dei andre avisene i Nordfjord er: Fjordenes Tidende: 4.587 (+68), Fjordabladet: 3.136 (+120) og Fjordingen 3.878 (+31).

Artikkelen held fram under annonsen.

Avisa Firda i Førde har stor nedgang i opplaget, -498, til 11.458. Sogn Avis har pen vekst, +355 til 9.487.

For dei andre avisene i Sogn og Fjordane er tala slik: Firdaposten 4.912 (-247), Porten.no 1.840 (+226) og Ytre Sogn Avis 1.218 (-9).