Prisane på dei mest nødvendige matvarene har auka meir enn dobbelt så mykje som den generelle prisveksten, viser ein ny rapport frå Sifo. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Nødvendige varer har vorte dyrare enn resten, ifølgje ny rapport

Prisane på dei mest nødvendige mat- og drikkevarene har auka meir enn dobbelt så mykje som den generelle prisveksten, viser ein ny rapport frå Sifo.

– Vi ser ein stor prisauke på forbruksvarer. Kostnadsauke i referansebudsjettet på «mat og drikke» for dømefamilien er 15 prosent frå februar 2022 til februar 2023, seier forskar Marthe Hårvik Austgulen til NRK.

Rapporten som Sifo, som er eit institutt for forbruksforsking, legg fram i dag, viser at så godt som alt aukar i pris. I år ligg auken på totalt rundt 8 prosent frå i fjor for dømefamilien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er spesielt at det er så stor auke. Tidlegare har det alltid vore nærare inflasjonsmålet, seier Austgulen. (©NPK)