Knut Arild Hareide lovar at Kristeleg Folkeparti vil arbeide for å realisere bru mellom Anda og Lote.

No vil han byggje bru Anda-Lote

– Dette er eit veldig godt prosjekt som KrF sentralt ønskjer å løfte. Eg har valt å reise direkte hit for å markere nettopp det, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide på ferjekaia på Anda i går føremiddag.

Han hadde teke turen til Nordfjord både for å presentere partiet si nye distriktssatsing og for å formidle at han vil presse på for at den sterkt etterlengta brua mellom Anda og Lote skal realiserast.

– Er ingen omkamp

– Eg er ikkje i tvil om at bru her vil ha nytteverdi i eit 40-års perspektiv. Difor meiner eg det er god, logisk tenking å realisere dette, sa Hareide og viste til at eit samla Storting har gått inn for prinsippet om ferjeavløysingsmidlar over 40 år også for riksvegar, ikkje berre for fylkesvegar som tidlegare vedteke.

KrF-leiaren peika på at for korte berekningsperiodar fører til at folketunge, sentrale strøk vinn kampen om samferdslemidlane.

– Difor er det i seg sjølv òg eit viktig prinsipp at ein tenkjer lenger. Det vil dei områda eg har vakse opp i, og som Sogn og Fjordane er eit døme på, bli ein vinnar.

Hareide slo fast at Anda-Lote er eit potensielt pilotprosjekt for nye fjordkryssingsløysingar, og at partiet ønskjer å byggje bruer både i indre og midtre Nordfjord.

– Det er gjort eit vedtak om stamveg, det ligg fast. Desto viktigare er det å få gjort noko med Anda-Lote i det perspektivet. Dette er ingen omkamp om stamvegtenkinga, men eit signal til denne regionen om at vi prioriterer og ser ein heilskap.

– Viktig region for landet

Han ville ikkje vere med på at det er samfunnsøkonomisk lite lønsamt å byggje to bruer i Nordfjord med relativt liten avstand mellom.

– Mange stader i Noreg er dette ganske lang avstand. Gloppen-regionen er ein viktig region for Sogn og Fjordane og for landet vårt. Stryn-regionen er det same. Eg meiner dette absolutt er investeringar for framtida, og det er dét infrastruktur handlar om. Ja, det er store investeringar, men begge vil vere riktige.

– Kva tidsperspektiv ser du føre deg for realisering av dei to bruene?

– Eg vil ikkje seie noko om tidsfastsetjing. Det vil avhenge av den konkrete utforminga av prosjektet og korleis ein kjem inn i det. Eg synest òg fagetatane sine innspel er viktige i så måte.

– Men KrF sentralt er klar på at ein går for både òg i Nordfjord?

– Ja.