Bård Vereide meiner det er viktig å nedkjempe brunsnigelen no, før han legg egg. Såleis kan ein unngå skade på hagane.

No vaknar brunsnigelen

For mange er brunsnigelen ei plage i hagen. Bård Vereide ved Hageland Sandane fortel at det er no ein må gjere tiltak for å bli kvitt dei, før dei legg egg når hausten kjem.


Mange sniglar et plantar, men mest kjend er brunsnigelen. Den vert òg kalla mordarsnigelen, men eigentleg er namnet brunskogsnigel. I Noreg har den få naturlege fiendar, og spreier seg såleis raskt – til skade for hagane.

Altetande

Brunskogsnigelen kan vere frå lys gråbrun til nesten svart, og har ikkje sniglehus. Den kan bli opp til 15 centimeter lang.

– Brunsnigelen kan gjere mykje skade på grønsaker og blomar, han er altetande. Han er ein ordentleg kjeltring rett og slett. Éin brunsnigel lever i eitt år, men kan leggje 400 egg på hausten. Desse egga vert klekte om vinteren, og då aukar bestanden raskt. Difor gjeld det å ta livet av dei no, før dei rekk å leggje egg, forklarer Vereide.

Han legg til at mange sniglar et plantar, men dei fleste er langt meir kresne enn brunsnigelen.

Betre i år

– For to-tre år sidan var det kolossalt mykje brunsnigel rundt i Gloppen. Då la vi inn organiserte tiltak i fleire bustadfelt, det vert òg gjort fleire stader i landet, med god effekt. Dette har vore ei hjelp til å redusere bestanden. I tillegg hadde vi ein tørr sommar i fjor, med ein kald vinter føre, det skaper òg hardare kår for brunsnigelen, fortel Bård Vereide.

I tillegg til å nedkjempe brunsnigelen, kan dei naturlege fiendane bli fleire eller færre. Naturlege fiendar kan vere froskar, padder og fuglar. Desse kan ein tiltrekke ved å lage ein hagedam. Hekkar og blomsterrike plantar trekk òg til seg naturlege fiendar.

Fleire tiltak

Mordarsnigelen er eit kjent problem, og det finst såleis mange råd mot han. Ein ryddig hage med kort gras gjer det vanskeleg for snigelen å finne gøymestader, og ein kan setje opp sniglegjerde. I tillegg misliker brunsniglane til dømes kaffigrut, kalk og hønsegjødsel, men dette har kortsiktig effekt.

– Ein kan legge ut gifta ferramol, men den tek berre livet av sniglane i området. Brødsmular skal dei mislike, men det har mindre effekt. Den beste løysinga eg har funne, er å spreie sjukdommen nemaslug.

Sniglefelle

– For å spreie sjukdommen, set eg opp ein plastboks med hòl i, minst størrelsen av ein tre-liters isboks. Eg legg litt kattemat og litt alkoholfritt øl i boksen for åte, det liker dei godt. Eg blandar i nemaslug, slik at sniglane som kjem i boksen vert sjuke. Det er viktig å ikkje drepe sniglane i boksen, dei skal gå fritt og spreie sjukdommen vidare, og slik drepe kvarandre. Denne metoden verkar godt, forklarer han.

Boasnigelen er ein naturleg fiende av brunskogsnigelen. Ein boasnigel er brunstripete, om lag like stor som ein brunsnigel, men kan leve i tre år. Boasnigelen et egga til brunsnigelen. Somme stader er det blitt så mykje av han, at ein ikkje lenger kan sjå brunsnigelen.