PLENKLIPPING: Å slå graset ved dei vidaregåande skulane er éi av oppgåvane for nokre av dei som får tilbod om sommarjobb i Vestland fylkeskommune. Foto: Shutterstock.

No lyser Vestland fylkeskommune ut 100 sommarjobbar

Er du over 16 år og på jakt etter arbeid i sommar? Vestland fylkeskommune har no inntil 100 ledige sommarjobbar. Arbeidet består mellom anna av nedvask og reinhald, måling, plenklipping og anna vedlikehald av mellom anna dei vidaregåande skulane.

I tillegg til vaske- og vedlikehaldsjobbane er det òg ledig enklare kontorjobbar, der søkjarar med nedsett funksjonsevne blir prioritert.

– Tilbodet i år er ei dobling av talet på sommarjobbar i fylkeskommunen frå i fjor. Grunna pandemien er det ikkje like mange sommarjobbar tilgjengeleg i marknaden i år. Så her ligg alt til rette for at mange ungdommar i fylket kan få si første erfaring med både jobbsøking og arbeidslivet, som kan kome godt med i framtida, seier Ingrid Holm Svendsen, fylkesdirektør for organisasjon og økonomi.

Treng inga erfaring

Alle som får tilbod om jobb må jobbe i minst to veker mellom 1. juni og 1. september, men for nokre av jobbane kan det vere aktuelt med ein lengre arbeidsperiode.

Søkarar må vere over 16 år og snakke og forstå grunnleggande norsk. Tidlegare erfaring er ikkje naudsynt.

Over heile fylket

Stadane som er aktuelle for sommarvikarar er Arna, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Dale i Sunnfjord, Eid, Fitjar, Florø, Fusa, Førde, Hjeltnes, Knarvik, Kvinnherad, Leikanger i Sogn, Manger, Mo og Øyrane, Måløy, Odda, Os, Osterøy, Rubbestadneset, Stend, Stryn, Sotra, Stord og Voss.

For kontorarbeid vil arbeidsplass vere Bergen (Sandsli) og Leikanger.

– Lærerikt arbeid

Helge John Sundal er driftsleiar ved Florø vidaregåande skule. Han har erfaring med ungdommar på sommarjobb frå tidlegare, og Sundal ser fram til å ta inn fleire i år.

– Det er lærerikt arbeid. Hos oss får ungdommane lære litt om drifting av bygg, klippe plen og male litt. Og så blir det ein del å plante, seier han.