Slutt på papir i ambulansane

I januar startar arbeidet med å gjere pasientjournalar i ambulansane elektroniske. Elektroniske pasientjournalar vil betre pasienttryggleiken.

Det blir elektroniske journalar i ambulansane til Helse Førde framover.

Innføringsprosjektet som startar over nyttår, betyr slutten for papirjournalar i ambulansane. I staden for å skrive med penn på papir, skal ambulansepersonell registrere funn og observasjonar på nettbrett. Akuttmottaka på sjukehusa kan sjå informasjon om pasientar i ambulansane i sanntid, og betre planlegge mottak og vidare behandling av pasienten.

– Kan samhandle betre

– Innføringa vil redusere faren for mistydingar, informasjonstap eller brot på pasienttryggleik ved munnleg overføring av informasjon. Tilgjengeleg informasjon om pasienten gjer at helsepersonell i den prehospitale kjeda kan samhandle betre, seier Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde, i ei pressemelding frå helseføretaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag fører ambulansepersonell informasjon om pasientar i ein papirjournal som dei leverer i akuttmottaket eller på legevakt. Dette er ein pasienttryggleiksrisiko og er utfordrande med tanke på effektive pasientforløp mellom ambulanse, legevakt og sjukehus. Papirjournalane frå ambulansen blir lagt inn i pasientjournalsystemet DIPS i ettertid, noko som krev ein god del manuelt arbeid og forseinkar tilgangen for helsepersonell.

– Styrkar tryggleiken

Innføringane sikrar at akuttmottaka får meir informasjon enn det som blir formidla via AMK eller i naudnett, før ambulansen leverer pasienten. Helsepersonell i ambulansane kan på same vis få betre støtte og rådgjeving frå sjukehuset under transporten.

– Elektronisk journal i ambulansane styrkar tryggleiken både for pasientane og ambulansepersonellet, seier Sægrov.

Ved å innføre elektronisk ambulansejournal vil ambulansetenesta bruke mindre tid på dobbelt- og etterregistrering. Det blir også mindre tidkrevjande å finne att journalar i samband med eventuelle klagesaker eller til forsking. Det er rekna ut at det blir brukt omlag 1400 timar kvar månad på denne type arbeid i Helse Vest.

I budsjettet til Helse Førde er det sett av 2,3 millionar kroner til å kjøpe nødvendig utstyr til bil- og båtambulansane.