Vereide kyrkje. Illustrasjonsfoto.

No kan du førehandsstemme i kyrkjevalet – også digitalt

Torsdag 10. august kan medlemmer av Den norske kyrkja stemma på kven dei vil skal leia kyrkja både lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Dette håpar vi vil auke valdeltakinga, ikkje minst blant dei yngre veljarane, seier kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen i ei pressemelding.

Alle som er over 15 år kan for første gong stemme på sin eigen mobiltelefon eller pc. Den digitale valløysinga er omfatta av fleire sikkerheitsvedtak og følgjer anbefalingar frå mellom anna Europarådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med denne løysinga kan alle stemme når dei vil, og kor dei vil, fram til 6. september. Det gjer det endå enklare å vere med og påverke det største medlemsdemokratiet i landet, seier Nilsen.

Digital førehandsstemming krev at veljaren kan identifisere seg digitalt, med til dømes BankID.

– Vi håpar mange av dei tre millionar medlemene vil delta og seie meininga si og gje støtte til dei folkevalde i Kyrkja dei neste fire åra. Ved å delta kan ein òg gje tilleggsstemme til personar ein er einig med.

Den ordinære kyrkjevaldagen er 11. september. (©NPK)