Det nye skiltet på plass på Lunde

No heiter det ikkje lenger Søgnesand

På Rv 5, på Lunde i Jølster, står det eit skilt i krysset der den kommunale vegen til Søgnesand tek av. Skiltet har tidlegare vist veg til Søgnesand, men no står det Sygnesand på skiltet.

Dette har fått Oddvin Søgnesand, opphavleg frå Sunndalsøra, men med røter frå Søgnesand, til å reagere. No bur han i Oslo og har via ein kamerat som nyleg køyrde forbi Lunde, fått med seg namneendringa.

Må eg skifte namn?

Det er spørsmålet han stiller på Facebook og som har starta ein liten debatt der.

– Eg tykkjer det er litt merkeleg at det no kjem nytt namn på eit skilt som har stått med Søgnesand i ein mannsalder, seier Oddvin Søgnesand som ikkje har tenkt å lage noko stor sak av dette. Men han har feriert på Søgnesand om somrane sidan han var liten og han trur faren, som var frå Søgnesand, ville reagert.

– Eg trur han ville flira, rett og slett, seier mannen som har tenkt å halde på farsnamnet Søgnesand, same kva Vegvesenet måtte meine.

Gammalt namn

Eit lite søk på namnet Sygnesand syner at det er det som blir brukt i matrikkelen for Jølster frå 1950. det er godkjent som skrivemåte av kartverket i 1992, og det er også brukt på kartverket sine nye, digitale kart.

Garden som har G.nr 33 vart også nemnd som Sygnesand i matrikkelen frå 1890, men i 1838 var namnet Søknesand. Også i professor Oluf Rygh sitt gardsnamn leksikon «Norske Gaardnavne» blir garden kalla Sygnesand. Den dominerande fjelltoppen rett opp for Søgnesand, heiter også Sygnesandsnipa. Ut i frå dette må ein vel kanskje tru at Sygnesand er ein like rett skrivemåte som Søgnesand.

Grunngjevinga for namneskiftet får du i papirutgåva fredag.