Synnøve Bjørset. Foto: Vestland fylkeskommune/Vegard Fimland.

Bjørset blir avdelingsdirektør

Jølstringen Synnøve S. Bjørset er tilsett som avdelingsdirektør kulturhistorie hos Musea i Sogn og Fjordane, opplyser stiftinga i ei pressemelding.

Avdelingsdirektør kulturhistorie er ei nyoppretta stilling, og Bjørset vil få overordna ansvar for alle dei kulturhistoriske musea til Musea i Sogn og Fjordane, med eit særskilt fokus på formidling, arrangement og utstillingar.

Bjørset har ein mastergrad i utøvande folkemusikk og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i seksjon arkiv hos Vestland fylkeskommune (Fylkesarkivet).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg brenn for kulturhistorie og eg brenn for formidling av kulturarven – noko eg har jobba med både gjennom folkemusikken og i arbeidet ved Fylkesarkivet, seier Bjørset i pressemeldinga.

– Eg gleder meg til å ta fatt på denne spennande utfordringa, føyer ho til.

– Synnøve var den beste kandidaten. Vi er svært glade for at ho har takka ja og ser fram til eit godt samarbeid, fastslår administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Bjørset startar i stillinga 1. desember.