Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under opninga av Sykle til jobben-aksjonen i fjor. Sidan 1973 har Norges Bedriftsidrettsforbund fått over 1 million deltakarar til å droppe bilen, og heller sykle til jobben og vere meir fysisk aktive både til og frå jobb og på fritida. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

No går Sykle til jobben-aksjonen av stabelen

No er det like før årets Sykle til jobben-aksjon startar. Og over 13.000 har allereie meldt seg på.

Åtte av ti nordmenn sit for mykje i kvardagen viser nye tal frå FHI og Norges idrettshøgskole.

– Meir aktivitet er med på å gi oss mange ekstra, gode leveår. Vi treng eit felles løft, seier Helsedirektør Bjørn Guldvog i ei pressemelding frå Noregs bedriftsidrettsforbund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedriftsidretten trur meir på gulrot enn pisk og legg vekt på at å vera aktiv saman med andre gir meir motivasjon.

No oppmodar Kampanjeleiar Ola Flo Zachariasen alle om å bli med på årets jubileumskampanje som går av stabelen mellom 3. mai og 16. juni.

– Kan du la bilen stå og i staden gå eller sykle til trening eller til toget, er det bra for både helsa og miljøet, kommenterer Flo Zachariasen i pressemeldinga.

Over 50 kommunar i landet har inngått avtale med Bedriftsidretten som sikrar alle innbyggjarar og tilsette gratis deltaking. Fleire tusen bedrifter har også eigne avtalar for sine tilsette.

– Det er flott at kommunar og bedrifter over heile landet vil leggje til rette for meir kvardagsaktivitet. Det er godt dokumentert at aktive tilsette gir ei rekkje positive gevinstar, avsluttar kampanjeleiaren. (©NPK)