Vakker solnedgang i dagane rundt vintersolkverv. Foto: Anne Mette Sannes

No går det mot lysare tider

Vi er no i den aller mørkaste tida på året, men i dag er det vintersolkverv  og dermed årets kortaste og mørkaste dag her på den nordlege halvkule. Nord for Polarsirkelen kjem ikkje Sola eingong over horisonten! Men frå kl.  17.28 i dag blir dagane gradvis lengre og vi kan sjå frem til ein etterlengta vår!

 

Mørkaste dagen

Vi let astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard forklare kva som skjer rundt solsnu eller vintersolkverv.

Den 21. desember har Sola sin sydlegaste posisjon på himmelen. I Oslo kjem Sola denne dagen berre 6,5 grader over horisonten og dagen er nesten 13 timer kortare enn ved sommersolkverv i juni. Ved Polarsirkelen står Sola i horisonten, og lenger nord er det mørketid. Etter vintersolkververv kryp området med mørketid nordover, men først 15. januar kan Sola igjen sjåast frå Tromsø-området. På grunn av fjella tek det endå lengre tid i sjølve byen. Daglengda auker berre veldig sakte den første tida etter vintersolverv. I Oslo blir dagen 9 minutt lenger og i Trondheim 12 minutt lenger frem til årsskiftet.

Eit eventuelt snødekke vil ha langt større innverknad på kor mørkt det er ute, og difor følest ofte januar som ein lysere måned enn desember og november.



Helningsvinkelen til jorda spelar inn

Jorda sine årstider skuldast at jordaksen hallar. Helningsvinkelen er for tida 23,5 grader og endrar seg svært sakte over en periode på 41 000 år. For tida retter aksen seg opp slik at Polarsirkelen flyttar seg litt nordover fra år til år. Jorda roterer rundt sin akse, og i løpet av året flytter den skråstilte jordkloden seg ein gong rundt Sola. I et visst punkt i bana skrår Jorda si nordlege halvkule maksimalt bort frå Sola. Sett fra nordlege bredder når Sola då sin lågaste posisjon på himmelen gjennom året, og dette skjer kl. 17.28 i dag. På den sydlege halvkule står Sola samtidig på sitt høgaste slik at det der blir sommersolkverv. Om eit halvt år – 21. juni – vender vår halvkule mest mogeleg mot Sola og vi får sommar med lange dagar der sola står høgt på himmelen.

 

Jorda sine årstider. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i pila si retning) vårjevndøgn, sommersolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøgn (nærmest oss).
Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard Foto: Privat