Illustrasjonsfoto.

No går dei for Aust-Afrika

Røde Kors i Sogn og Fjordane vil dei neste dagane samle inn pengar til mat, vatn og helsehjelp til katastrofen i Aust-Afrika, skriv dei i ei melding.

– Den verste humanitære katastrofen sidan andre verdskrigen, seier FN. Så mange som 20 millionar menneske står i fare for å svelte i hel i Aust-Afrika. Kombinasjonen krig og tørke gjev ekstreme utfordringar for befolkninga i Jemen, Somalia og Sør-Sudan.

Liknande problem ser ein i landa rundt Tsjadsjøen med tørke og terror, i tillegg til ekstremtørke i Etiopia og Kenya. 
 
Dette er grunnlaget for at fleire Røde Kors lokalforeiningar i Sogn og Fjordane planlegg ein dør til dør-aksjon med bøsser slik at publikum skal få høve til å hjelpe. 

– Ein ekstraordinær situasjon krev ekstraordinær innsats. Vi rår difor dei lokalforeiningane som kan, å ta i bruk det verkemiddelet som skaffar mest pengar: dør til dør-aksjon, seier distriktsstyreleiar Synøve Sande.

Både Aurland, Balestrand og Flora Røde Kors har avklart at dei vil gjennomføre dør-til dør-aksjon med bøsse høvesvis måndag, søndag og tysdag. 

Røde Kors vil ha ein nasjonal kampanjedag for Aust-Afrika laurdag 18. mars. Då vil vi jobbe for å få ut informasjon om den krevjande situasjonen og kva Røde Kors bidreg med i området. Her i fylket vil lokalforeiningar i om lag halvparten av kommunane stille seg med bøsser på torg og ved butikkar for å samle inn pengar. 

Desse har planlagt å ha ute folk med bøsser laurdag eller sette bøsser i butikkane: Førde, Gaular, Stryn, Luster, Høyanger, Gulen og Vikane. Fleire vil avklare eventuelle bidrag seinare.

Denne katastrofen er av eit slikt omfang at Røde Kors også brukar av sine reservar. Norges Røde Kors har sett av 35 millionar kroner. Sogn og Fjordane Røde Kors løyver 50.000 kroner frå eige katastrofefond.

Foreløpig har lokalforeiningar som Førde (55.000 kroner), Hyllestad (10.000 kroner), Olden (20.000 kroner), Vikane (5000 kroner) og Årdal (1500 kroner) har også sett av pengar til hjelpearbeidet. 

Pengane som vert samla inn går i hovudsak til å styrke lokalt Røde Kors sitt pågåande arbeid med mellom anna å få på plass mat og vatn, og yte helsehjelp. 

Under TV-aksjonen i 2016 samla Røde Kors inn pengar til offer for krig og konflikt i ni land. TV-aksjonsmidlane vert brukt til føremålet. Situasjonen i Aust-Afrika er ei humanitær krise som, med unntak av Somalia og Sør-Sudan, gjeld andre område.

I slutten av februar sa generalsekretær i FN, António Guterres, at ein treng 4,4 milliardar dollar i løpet av mars for å hindre ei katastrofe. Det er denne innsatsen Røde Kors no vil bidra til.