Jenny Følling. Foto: Hallstein Dvergsdal.

No er ho blitt ordførar

Jenny Følling (Sp) vart torsdag formelt valt til ny ordførar i Sunnfjord kommune. Anne Lilleaasen (H) er ny varaordførar.

Følling tek over stafettpinnen etter Olve Grotle (H), som er blitt stortingsrepresentant.

Grotle var ordførar i ti år, åtte i gamle Førde kommune, dei to siste i den nye storkommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore privilegert og heldig som – i godt samarbeid med andre – har fått lov til å vere med på å drive, bygge og utvikle Førde og Sunnfjord kommune. Tusen takk til alle som eg har fått glede av å samarbeide med gjennom alle desse åra, skriv han på Facebook-sida si.