Fysisk stengde grenser er eit sjeldan syn i Noreg. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

No er grensa stengd

Ved midnatt natt til fredag tredde dei strenge innreisereglane i regjeringa i kraft. Svært få menneske slepp inn i Noreg dei neste to vekene.

Ei rekkje grenseovergangar blir no fysisk stengde, og politiet vil ha jamlege stikkprøvekontrollar ved dei. Innlandet politidistrikt skriv at det berre er tre lovlege passeringsstader i distrikta deira.

Blant gruppene som no ikkje slepp inn i landet, er svært mange arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmer som ikkje blir definerte som næraste familie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei nye innstrammingane er inngripande og regjeringa vil ta ei ny vurdering om to veker. Vi vil ha eit godt samarbeid med partane i arbeidslivet for å finne gode løysingar innanfor eit strengt regime, og for å kunne justere tiltaka viss det er nødvendig, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) då ho informerte om tiltaka tidlegare i veka.

(©NPK)