Jon Rolf Skamo Hope. Biletet er teke under Junior-VM i USA tidlegare i vinter. Foto: Privat.

NM-gull til Jon Rolf

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen IL, gjekk heilt til topps på 20 kilometer fri teknikk i Junior-NM i langrenn i Harstad fredag føremiddag.

I mål var han 5,4 sekund raskare enn Vebjørn Hegdal frå Larvik Ski og 19,3 sekund raskare enn Anders Haga frå Åsen IL på dei neste plassane.

- Det snøa lett i heile natt, så det var sliteføre og ei skikkeleg manndomsprøve, fortel 19-åringen frå Hyen.

Med halvanna kilometer att, leia han med 26 sekund på næraste konkurrent. Då roa han ned for å spare krefter til 10 km klassisk i morgon.

- Eg var kanskje litt for iskald på slutten, for eg ville ikkje gå heilt i kjellaren i dag. Plutseleg leia eg berre med sju sekund, då fekk eg fart på skia dei siste hundre metrane, seier den nybaka noregsmeisteren.

Det er intervallstart også på morgondagens løp. Søndag går Skamo Hope stafett for Sogn og Fjordane.

I 18-årsklassa vart Andreas Hetle, Breimsbygda IL, nummer sju.