Ni nye smittetilfelle i Gloppen

Det er registrert ni nye personar som har testa positivt for korona i Gloppen sidan fredag 14. januar.

Det melder Gloppen kommune tysdag ettermiddag.

Seks personar er nærkontaktar til tidlegare smitta. Tre personar har ukjend smitteveg. Aktuelle nærkontaktar er varsla og vert følgde opp i tråd med nasjonale retningslinjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ser no at det er smitte i ulike delar av kommunen, og ventar at tal smitta vil auke. Dette betyr at risikoen for å verte smitta vil auke. Noko av det viktigaste ein kan gjere for å beskytte seg sjølv og andre er å vaksinere seg. Ta kontakt på vaksinetelefonen om du ønskjer vaksine. Det er også viktig å vere heime ved symptom på luftvegsinfeksjon og teste seg, skriv kommunen på heimesidene sine.

Stryn kommune melder måndag om 18 personar som har testa positivt på koronavirus. Åtte av desse er 18 år eller yngre.

Sidan torsdag er det registrert 99 smittetilfelle i kommunen inst i Nordfjord.