Erlend Hetle (f.v.), Isabell R. Merkesdal, Olav Reed, Hedda Myklebust, Adrian Aaland, Markus Øvreseth, Anna Gil, Alida Reed Flølo og Gaute Myklebust med kvar sin kalv.

Ni born mønstra kalvar

Ni born deltok på kalvemønstringa under Open gard på Norsk Fjordhestgard laurdag.


Det var Gloppen produsentlag som stod bak mønstringa. Nils Magne Gjengedal er Geno-kontakt i produsentlaget, og hadde med seg Jorunn Heggheim som er avlsrådgjevar i Tine og Geno-systemet. Geno er avlsorganisasjonen til Norsk raudt fe.

Framtias bønder
– Det er viktig at born lærer at det er fint å arbeide med dyr. Det er gjerne framtidas bønder som går her og mønstrar. Det er svært viktig at dei blir interesserte. Norsk raudt fe er ein fantastisk rase som er etterspurd over heile verda. Borna har trena og gleda seg til dette, seier Gjengedal.

Geno stilte med premiar til alle mønstrarane: Erlend Hetle, Isabell Raad Merkesdal, Olav Reed, Hedda Myklebust, Adrian Aaland, Markus Øvreseth, Anna Gil, Alida Reed Flølo og Gaute Myklebust.