Fleirtalet i Teknisk- og landbruksutvalet held fast på kravet om næringsareal i 1. etasje ved utbygging av denne tomta i Sandane sentrum.

Nei og nei til Eikeseth

Teknisk- og landbruksutvalet i Gloppen kommune har sagt nei til at Svein Eikeseth får dispensasjon frå krav til næringsareal i 1. etasje, samt endra byggegrense, ved oppføring av leilegheitsbygg i Sandane sentrum.

Eikeseth ønskjer å føre opp eit leilegheitsbygg i tre etasjar, totalt tolv leilegheiter, med ein dels nedsenka garasje under. Reguleringsplanen set krav om næringsareal i 1. etasje i dette området, noko Eikeseth har søkt om dispensasjon frå. Han har òg søkt om å flytte byggjegrensa to meter ut mot Firdavegen.

Rådmannen var positiv til å gje dispensasjonar, men det ville ikkje utvalet vere med på. Eit samrøystes utval sa nei til å flytte byggjegrensa. Eksisterande byggjegrense skal framleis vere førande for utbygging av gbnr. 74/47 og 111.

Peter Holvik Lothe (Ap) kom med framlegg om å avslå søknaden om dispensasjon frå føremålet og tilhøyrande føresegner i reguleringsplanen for Sandane sentrum når det gjeld bustad i første etasje. Framlegget vart støtta av Sølvi Anne Espeland Hope (Sp) og Edgar Kvernevik (Samfunnsdemokratane) og fekk fleirtal. Sjur Atle Austrheim (uavh.) og Leidulf Rygg Bogstad (KrF) støtta rådmannen sitt framlegg.