Trass i ein 14 prosent auke i talet utanlandske overnattingar i Noreg, er det totale talet overnattingar i juli gått ned frå i fjor. Det kjem av færre campingovernattingar etter mykje dårleg vêr i Sør-Noreg. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Nedgang i campingovernattingar

Juli var ein god månad for hotellnæringa, men færre overnattingar på campingplassar trekte det samla talet ned.

Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 6,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juli 2023. Det er 99.000 færre enn i fjor. Nedgangen kjem hovudsakleg av færre overnattingar på campingplassar, skriv Statistisk sentralbyrå.

På campingplassane var det 2,6 millionar overnattingar i juli. Av desse var 1,7 millionar norske, ein nedgang på 172.000 frå i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Juli har vore kald og våt i år, særleg i Sør-Noreg. Campingplassar på Østlandet, Rogaland og Vestland registrerte færre norske gjester, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i SSB.

På hotella var det nesten 3,4 millionar overnattingar i juli. Dette er ein auke på 2,2 prosent samanlikna med juli i fjor og berre 13.000 færre en juli-rekorden frå 2019.

Auken for hotella skuldast ein 14 prosent auke i talet på utanlandske overnattingar. (©NPK)