– Regjeringa har klare mål for å etablere store mengder havvind i norske havområde, så på sikt ventar vi at vindkraft både på land og til havs vil spele ei stadig viktigare rolle i kraftforsyninga vår, seier Statnett-sjef Hilde Tonne. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Nedbør og vindkraft bidrog til auka kraftproduksjon i fjor

Sjølv om det framleis er periodar med høge straumprisar, viser 2023-gjennomgangen til Statnett at ein no har betre kontroll i energiforsyninga i Europa.

Berre i 2020 og rekordåret 2021 har det vore produsert meir kraft i Noreg enn i 2023.

– Nedbør speler ei stor rolle i den norske kraftforsyninga, men vindkraft på land gir også eit viktig bidrag. Dette treng vi meir av på kort sikt, seier konsernsjef Hilde Tonne i Statnett i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt vart det produsert 154 TWh kraft i fjor.

Forbruket var også høgt i 2023 med eit samla forbruk på 136,1 TWh. Berre i 2018 og 2021 har det vore høgare.

Samanlikna med året før var det omtrent same volumet på importen av kraft, men eksporten gjekk opp med omtrent 5 TWh frå 2022. Auken var i hovudsak knytt til eksport til Storbritannia.

(©NPK)