NAV trur at det kan bli bruk for mange av dei permitterte i andre bransjar.

Nav snur – støtte til komfyrvakt held fram

Støtte til komfyrvakt skulle opphavleg fjernast i år, men etter kritikk frå brannvesenet har Nav snudd i saka og vidarefører støtta.


Ordninga skulle opphavleg fjernast frå 16. mai i år. Etter ei ny vurdering gjort i samråd med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), er det vedteke å halde oppe støtta.


– Vi har no gjort ei ny vurdering i saka og har vedtatt å behalde komfyrvakt som eit hjelpemiddel i første omgang i to år, seier seksjonssjef Jan Erik Grundtjernlien i Nav.


45 prosent av dei 3.547 utrykkingane brann- og redningsvesenet hadde i 2018, kom av komfyren, ifølgje DSB.


– Vi ser at komfyrvakt er til stor nytte for brannsikkerheita for ei langt større gruppe enn dei som fell inn under ansvarsområdet vårt, og på eit tidspunkt vil nok komfyrvakt ikkje lenger kunne sjåast på som eit teknisk hjelpemiddel med tanke på folketrygda, seier Grundtjernlien.


Bakgrunnen for Navs opphavlege vurdering er mellom anna at det i dag er krav om komfyrvakt i alle nye bygg, og dessutan at det er vanleg å skaffe komfyrvakt sjølv. (©NPK)