Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Nav: Liten nedgang i talet på uføretrygda

Ved utgangen av september fekk 362.500 personar uføretrygd. Delen uføretrygda var ved utgangen av 3. kvartal på 10,4 prosent av alle mellom 18 og 67 år.

Ifølgje Nav fekk 362.500 personar uføretrygd ved utgangen av september.

Det er 2.500 fleire enn på same tidspunkt i fjor, men som del av befolkninga er det likevel ein liten nedgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til dette er ein kombinasjon av at befolkninga har auka i perioden, og at Nav har fleire ubehandla uføresaker enn normalt som følgje av pandemien og forseinka arbeidsavklaringsløp.

– Utviklinga er i tråd med prognosane våre, og representerer truleg ikkje eit brot i trenden med eit aukande tal på uføretrygda, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte. (©NPK)