Nordfjord Folkehøgskule hadde sett opp ein imponerande teltleir, noko som synte seg å komme vel med. Det vart nemleg ei tilstrøyming av overnattingsgjester som ingen hadde drøymt om.

Natt i Naturen samla folket

Utenatta på Kleivane i regi av Nordfjord Folkehøgskule vart ein suksess. Fredag kveld var truleg 200 menneske samla til hyggeleg lag og overnatting i det som må kallast litt småsurt vêr.
– Noko slikt hadde eg absolutt ikkje våga å håpe på. Med dei vêrmeldingane som var, så var det temmeleg uvisst korleis dette ville gå, sa Per Momrak då vi snakka med han fredag kveld.

Yrande liv

Per Momrak er lærar ved Nordfjord Folkehøgskule og ansvarleg for opplegget på Kleivane, eit arrangement som markerte starten på Friluftslivets år. Heile ettermiddagen hadde skulen rigga lavvoar, telt, igloar og «snøklokker» Klokka 17. var dei klare til å ta i mot folk for utandørs kveldskos og overnatting. I alt sto det åtte lavvoar, over tretti telt og to igloar, i tillegg til to snøklokker klare.

– Sjølv med så pass stor kapasitet, er det berre så vidt vi får plass til alle, fortalde Momrak rundt klokka 21 fredag kveld, og kunne elles rapportere om yrande liv over alt. Folk sto i grupper og prata, somme grilla pølser på bålpannene som var sette opp og ungane var i full sving med aking og andre aktivitetar.

Les heile saka i papirutgåva måndag.