Nationen: Regjeringa og Frp samde om jordbruksoppgjeret

Etter forhandlingar mellom regjeringspartia og Frp er det no klart at tilbodet i årets jordbruksoppgjer ikkje blir endra på Stortinget, melder Nationen.

– Vi har sikra oss støtte frå Frp. Det er no fleirtal for tilbodet sånn som det ligg. I det store og heile blir det ingen endringar, seier Guro Angell Gimse (H), som er saksordførar for jordbruksoppgjeret i næringskomiteen på Stortinget til avisa.

Regjeringa sende tilbodet frå staten omtrent uendra til Stortinget etter brotet i jordbruksoppgjeret. I motsetning til i 2014 og 2017 vil fleirtalet på Stortinget ikkje gjere nokon endringar i verken ramme eller innretning i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag låg på over to milliardar kroner. Sistnemnde braut forhandlingane med staten allereie 6. mai. I dagane etterpå var det store demonstrasjonar frå norske bønder, mellom anna eit stort traktoropptog føre Stortinget.

Årets jordbruksoppgjer blir avgjort av Stortinget fordi partane ikkje greidde å bli samde innan fristen. Regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti har ikkje fleirtal i Stortinget, men pleier å søkje støtte hos Framstegspartiet, som altså no har støtta regjeringa.

(©NPK)