Statsminister Erna Solberg (H) forlengde i all hovudsak koronatiltaka, men innfører enkelte lettingar for barn og unge. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Nasjonale koronatiltak blir vidareførte – nokre lettingar for barn og unge

Det blir ingen store koronalettingar nasjonalt før tidlegast i midten av mars. Men det blir opna varsamt opp innan idrett for barn og unge.

Statsminister Erna Solberg (H) trekte i innleiinga si på koronapressekonferansen fredag ettermiddag fram at mange ulike grupper ønskjer lette i tiltaka for nettopp dei, men at summen av desse ønska vil resultere i auka smitte.

– Eg nyttar høvet til eit sitat eg har brukt i mange andre samanhengar før, men som også gjeld for denne situasjonen, nemleg Jan P. Syses sitat: «Vi er imot summen av alt det vi er for», sa Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går den rette vegen

Uvissa som i all hovudsak dreier seg om dei nye virusvariantane, er framleis for stor. Betydelege lettingar i tiltaka på Austlandet og på Vestlandet frå måndag vil òg i sum føre til auka aktivitet, meiner statsministeren.

– Saman med ein ustabil smittesituasjon, er det grunnen til at regjeringa har vedteke å vidareføre dei fleste nasjonale tiltaka, sa Solberg.

Det vil bli gjort ei ny vurdering av dei nasjonale tiltaka i midten av mars. Sjølv om dei fleste tiltaka blir vidareførte, har regjeringa gjort nokre endringar. Desse tek til å gjelde frå tysdag 23. februar.

Lettingar for unge og studentar

Då blir det mellom anna opna for at barn og unge under 20 år kan konkurrere og vere med på idrettsarrangement.

Innandørs kan det vere inntil 50 personar på desse arrangementa. Utandørs er grensa 200. Det inkluderer utøvarar, foreldre, trenarar og småsøsken, men alle må vere frå same kommune. Det betyr til dømes at eit fotballag eller handballag kan spele mot andre lag i same kommune.

I tillegg blir det lettingar for studentar, som framover kan møte på lesesalen og få fysisk undervisning i mindre grupper.

Arrangement med «faste, tilviste plassar» – ikkje nødvendigvis fastmonterte – får ta imot 100 personar. Det gjeld både i kyrkjer, teater og på konsertar.

På den andre sida blir det stramma inn på skjenking, og den nasjonale skjenkestoppen blir flytta frå midnatt til klokka 22. Reglane for innreisekarantene og karantenehotell blir òg stramma inn, men det blir opna for teknisk personell som utfører oppgåver som er nødvendig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forenklar kronglete omgrep

Etter kritikk for eit innvikla system med «ring 1» og «ring 2» og fleire nivå med tiltak i samband med mutantutbrota, endrar regjeringa no på dette.

– Eg beklagar at eg no tek frå mange gode poeng til kommentarartiklane sine, men vi kjem ikkje lenger til å bruke «ring 1» og «ring 2», og vi ryddar opp i tiltaksnivåa. No blir det tre nivå av tiltak som kan vedtakast nasjonalt, sa Solberg.

Framgangsmåten blir uansett den same som før. Dess meir alvorlege utbrot, dess høgare nivå på tiltaka.

– Men eg vil love dykk at det blir sikkert rom for å harselere med noko òg i framtida. Alt blir ikkje perfekt no heller. Men det blir litt enklare, erkjende statsministeren.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er glad for at kyrkjene igjen kan ta imot litt fleire folk – 100 personar på tilviste plassar. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.