Koronasituasjonen er ikkje så dyster som smittetala kan gi inntrykk av, meiner assisterande helsedirektør Espen Nakstad. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Nakstad: – Vi bevegar oss gradvis mot ein meir normal kvardag

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad meiner koronasituasjonen ikkje er så dyster som smittetala kan gi inntrykk av.

– Vi bevegar oss gradvis mot ein meir normal kvardag, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut akkurat no, skriv Nakstad i ein e-post til NTB.

Spådommen hans er at vaksinasjonen om få veker vil endre på situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å hugse på at veldig mange nordmenn vil vere vaksinert om ein månad. Då vil viruset ha større problem med å spreie seg, og endå færre kan bli alvorleg sjuke, fastslår Nakstad.

– Når vi har komme dit at det ikkje er fleire å vaksinere, må vi leve på ein meir normal måte.

Samtidig må beredskapen haldast oppe, spesielt med tanke på utbrot blant uvaksinerte og nye virusvariantar, understrekar han.

FHI avdramatiserer

Nakstad får støtte frå den siste vekerapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI).

«Selv om det nå er en økning i antall meldte tilfeller, og Delta-varianten dominerer i landet, regner vi det som lite sannsynlig at epidemien blir så stor som tidligere bølger, og at sykehusenes kapasitet trues», skriv FHI.

I vekerapporten blir det likevel lagt til at epidemien må overvakast nøye dei kommande månadene, og at tiltak må balanserast mot sjukdomsbyrde, talet på sjukehusinnleggingar, kapasitet i helsetenesta og vaksinasjon.

«Sykehusene må være forberedt på flere innleggelser», åtvarar FHI.

Vurdere kva som er forholdsmessig

FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier seg heilt samd i at samfunnet går i retning meir normal kvardag, trass at vi akkurat no opplever høge smittetal. Dermed må ein òg sjå på proporsjonaliteten viss ein tyr til inngripande tiltak, påpeikar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På nasjonalt nivå er nivået grønt, men det er mogleg ein god del kommunar vil innføre strengare reglar i den situasjonen vi er i no. Men då vil ein i alle fall ikkje gjere det på stader der det ikkje er nødvendig, seier ho.

Ho avviser at det inneber at koronasmitten meir eller mindre blir sloppen fri.

– Vi kjem ikkje til å sleppe smitten fri før vi har vaksinert så mange at vi meiner det vil vere enkelt å kontrollere det. Det vil òg vere slik at vi til kvar tid vil ha beredskap for å trappe opp med fleire tiltak – òg etter at ein går over i ein normal kvardag, seier Stoltenberg.

(©NPK)