Fungerande assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, meiner koronasituasjonen i Noreg no ikkje er like ille som i midten av mars. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Nakstad: Situasjonen er mykje mindre dramatisk enn i mars

Sjølv om regjeringa har stramma inn og innført ei rekkje nye koronatiltak, meiner Espen Nakstad i Helsedirektoratet at situasjonen var langt verre i mars.

Sist døgn vart det registrert 433 nye koronasmitta i Noreg. Sjølv om dette er det høgaste talet så langt under pandemien, meiner Folkehelseinstituttet at Noreg ikkje har noka ny, nasjonal bølgje, og situasjonen er langt mindre dramatisk enn i mars.

Det synspunktet deler assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, skriv VG.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje like dramatisk akkurat no, for i mars testa vi kanskje berre ein tiandedel av alle som var sjuke, no testar og finn vi antakeleg halvparten av dei, seier Nakstad til avisa.

Han seier situasjonen midt i mars truleg var fire–fem gonger verre når det gjeld smitte og innleggingar på sjukehus.

– Men det er utviklinga som er urovekkjande, ved at dette stig hos oss såpass kraftig som det gjer. Det gjer at det er no vi har moglegheita til å snu det, seier Nakstad.

Måndag varsla regjeringa nye og strengare koronatiltak for å avgrense smittespreiinga i landet.

– Dersom vi tek eit krafttak no, er det mykje større sjanse for at vi kan få ei normal julefeiring med storfamilien, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen til regjeringa måndag.

Dei nye tiltaka trer i kraft frå midnatt natt til onsdag denne veka og vil vare fram til tidleg desember.

(©NPK)