Sterk fylkestropp til Vestlandsmeisterskapen i vektløfting.

Mykje styrke i sterk tropp

Sogn og Fjordane stiller ein sterk tropp til Vestlandsmeisterskapen i vektløfting i Tysvær innanfor Haugesund komande laurdag. I spissen stiller Tambarskjelvar med 16 deltakarar, i tillegg Breimsbygda og Jølster med to kvar.

Landslaget hadde samling i Naustdal nyleg, der dei beste yngre løftarane frå fylket fekk vere med på deler av samlinga.

Ut frå løftinga på samlinga har fylket mange medaljehåp. Vestlandsmeisterskapen er også er nest siste sjanse for kvalifisering til EM senior i april. Siste kvalifiseringssjanse er NM i midten av februar.

– I EM 2016 i Førde hadde Tambarskjelvar fem deltakarar, og vi håpar på fleire i årets EM, seier Ola Bergheim som er leiar i Sogn og Fjordane Vektløftarkrins. Han er også leiar vektløftargruppa i Breimsbygda IL.

Sogn og Fjordane har i tillegg eit par kandidatar til EM for ungdom og junior seinare i år. Vestlandsmeisterskapen tel som første runde i Norgescupen, der Sindre Rørstadbotnen vann seniorklassa.

– Det er difor mange spenningsmoment sett frå Sogn og Fjordane på årets første store stemne i Tysvær komande laurdag, seier Bergheim.