Mykje regn og vind førte til negative straumprisar i Noreg heile førre veke, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Mykje regn og vind har ført til negative straumprisar

Høg kraftproduksjon og mykje regn i heile Norden førte til negative straumprisar heile førre veke, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

For første gong nokosinne vart den gjennomsnittlege vekeprisen for straum negativ i prisområdet aust- og vest i Noreg (NO1 og NO5), men ein snittpris på minus eitt øre per kilowattime, skriv NVE.

Sørvest-Noreg (NO2) fekk også ein kraftig nedgang i kraftprisane og fleire timar med negative straumprisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje NVE førte høg vindkraftproduksjon og mykje nedbør til at alle prisområda i Norden, med unntak av Sørvest-Noreg og Sør-Sverige (SE4), hadde ein vekepris under 10 øre kilowattimen.

Høgare vind- og solkraftproduksjon pressa også ned kraftprisane i Europa, men straumprisane heldt seg likevel på eit høgare nivå der enn i Norden, ifølgje direktoratet.

(©NPK)