Mutert virusvariant i Stad

Totalt 23 personar er no smitta i samband med covid-19-utbrotet i Stad. Mutasjonsanalysen viser at utbrotet skuldast den muterte engelske varianten av viruset.

Onsdag vart omkring 130 personar testa for covid-19. Det var i hovudsak personar som vart testa på grunn av symptom, og nokre nærkontaktar til dei som fekk påvist smitte tysdag.

– Svar på prøvene viser at éin ny person har fått påvist smitte med covid-19. Personen er elev i klasse 10A ved Eid ungdomsskule. Smittevegen er kartlagt og det er ikkje grunn til å tru at eleven er blitt smitta på skulen, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding torsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eleven kan ha vore smittsam ved siste deltaking i skuleklassa som var måndag 8. mars.

– Elevar og tilsette i klasse 10A vert difor sette i karantene til og med 18. mars, og dei vil verte kalla inn til testing fredag. Prøvesvar er venta laurdag eller søndag. Alle husstandsmedlemer til desse elevane/tilsette vert sette i ventekarantene. Ved negativt svar kan husstandsmedlemer gå ut av ventekarantene, men elevar/tilsette må halde fram i karantene sjølv om denne første testen er negativ. Dei vil verte testa på nytt seinare i karanteneperioden.

– Status torsdag kveld er då at éin ny person har fått påvist smitte i Stad torsdag, etter testing gjort onsdag. Dermed har til saman 23 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Med den aktuelle skuleklassen og andre nærkontaktar til den som no har fått påvist smitte, er til saman omkring 240 personar i karantene i Stad kommune, skriv Vingen Vedeld.

Det har i ettermiddag kome svar på mutasjonsanalysen, og denne viser at utbrotet skuldast den muterte engelske varianten av koronaviruset.

– I samråd med FHI er det gjort ei ny vurdering av risikonivå og aktuelle tiltak etter funn av mutert virusvariant. Allereie frå starten av utbrotet har ein valt å iverksetje omfattande tiltak med karantene, testing og ventekarantene for å ta høgde for at det kunne vere ein slik virusvariant. Ein har også sett at det arbeidet som er gjort så langt under utbrotet, sjølv med ein mutert virusvariant, har ført til at ein har klart å kartlegge situasjonen godt. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre. Vurderinga er at ein held fast på dei noverande tiltaka, heiter det i pressemeldinga.