Arild Fjellestad Tystad og GHK har måtta tole mange tap denne sesongen.

Møter sterk motstand i Bergen

GHK-herrane skal møte serieleiar FyllingenBergen 2 og middelhavsfarar Bjørnar på bortebane denne helga.

Glopparane står med berre to poeng på 16 kampar og mykje tyder på at 2. divisjonsopphaldet blir av det korte slaget.

Heller ikkje i kampane i morgon og søndag blir det enkelt å ta poeng. Laurdag ettermiddag er FyllingenBergen 2 motstandar i Framohallen. Bergensarane toppar tabellen og vann 31-20 i Trivselshallen i november. Alt anna enn ein komfortabel heimesiger i dette oppgjeret vil vere ei stor overrasking.

Søndag ventar Bjørnar i Bjørnarhallen. Arna-laget vann 25-23 i det motsette oppgjeret i slutten av oktober, ligg på 6. plass på tabellen med 16 poeng og blir naturlege favorittar.

GHK-damene har spelefri fram til 11. mars. Då kjem serieleiar Bjørnar til Trivselshallen.