Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Mistenkt for tjuveri på Hurtigruta

Ein rusa mann i 30-åra vart i natt teken av politiet på kaia i Florø etter mistanke om tjuveri ombord på Hurtigruta.

Politiet har også teke beslag i tjuvgods. Sak oppretta.

• • •

Sju bilførarar fekk forenkla førelegg under ein fartskontroll på E39 i Eid E39 tysdag kveld. Høgste fart i 80-sona vart målt til 101 km/t.

I Sogndal heldt UP promillekontroll i Dalavegen tysdag føremiddag. Etter at 29 førarar var kontrollerte for rus var det delt ut to gebyr for ikkje å ha med førerkort og eitt forenkla førelegg for mobilbruk.

• • •

På Turtagrø Hotell vart ein hund utan eigar teken vare på tysdag morgon. Politiet skriver at den ser ut som en elghund, grå/svart uten band, ei tispe. Ein god time seinare er hund og eigar lukkeleg igjenforent.