Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.

Mindre greitt å droppe bilbelte i buss

Færre unge meiner no det er sosialt akseptert å droppe beltet i buss, viser ei undersøking frå Statens vegvesen.


– Heldigvis er det få alvorlege ulykker med buss, men om noko skjer, kan beltet vere forskjellen på liv og død, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i ei pressemelding.


Delen unge som meiner det er sosialt akseptert å droppe beltet i buss, har gått ned. Våren 2017 svara 68 prosent av dei som vart spurde at det var greitt å droppe beltet, mens hausten 2018 meinte berre 47 prosent at det var akseptabelt.


Vegvesenet meiner dette kan tyde på at haldningane er i ferd med å snu, og at bussen ikkje i like stor grad blir sett på som ei «frisone» for beltebruk.


Lutnæs i Vegvesenet er glad for å sjå at haldningane blant unge er i ferd med å endre seg, og minner om at ein og har ansvar for at andre er trygge.


– Lèt du vere å feste beltet i bussen, er du ikkje berre til fare for deg sjølv, men også dei andre på bussen, seier ho.


Frå måndag 11. mars vil Statens vegvesen kontrollere beltebruk i bussar over heile landet. (©NPK)