Sparebankstiftelsen DnB går inn med 7,8 millioner kroner arbeidet for å redde kunnskapen om bygging og bruk av norske tradisjonsbåtar. (Foto: Ulf Mikalsen)

Millionstøtte til båttradisjonar

Forbundet KYSTEN har i mange år arbeidd for å redde kunnskapen om bygging og bruk av norske tradisjonsbåtar. No går Sparebankstiftelsen DnB inn med 7,8 millionar kroner.

- Dette vil gje eit stort løft for ein viktig del av vår maritime kulturarv, seier ein strålande nøgd Asgeir K. Svendsen, styreleiar i Forbundet KYSTEN.

I Norge har ein bygd båtar i mange tusen år, og dei opne bruksbåtane i tre finst i mange lokale variantar tilpassa farvatnet, vertilhøva og typen bruk. I 2017 er det kun eit lite knippe tradisjonsbærarane som framleis har denne kunnskapen i hendene. Med eit fireårig prosjekt vil Forbundet KYSTEN stimulere tradisjonshandverket og sørge for kunnskapsoverføring til nye båtbyggarar. Dei vil også spre nybygde tradisjonsbåtar til miljø og institusjonar der dei vert brukte, og utvikle pedagogiske opplegg rundt bruken av båtane.

Forbundet KYSTEN er ein frivilleg kulturvernorganisasjon med 125 lokale kystlag i heile landet. Under mottoet «vern gjennom bruk» jobbat dei med å ta vare på gamle båtar og bygningar, kultur og handverkstradisjoner knytt til livet på kysten.