Mia Fjellestad er lokal vinnar av den internasjonale teiknekonkurransen. (Foto: Trond Haugen)

Mia vann teiknekonkurranse

Tre skular i Gloppen var med, Sandane, Breim og Hyen. Til saman 120 elevar fordelt på sju klassar leverte inn flotte teikningar. Måndag vart vinnaren kåra under ei tilstelling på Galleri 104 i Sandane sentrum. Mia Fjellestad fekk overrekt diplom og premie. Malene Holme vart plukka ut som vinnar ved Hyen skule, medan 7. klassingen Julia Jordanger Loen hadde den finaste teikninga ved Breim skule. Også desse to vart premierte.

Mia Fjellestad si teikning vert sendt vidare til distriktsfinalen.

– Temaet i år har vore ”Fred, kjærleik og forståing”. Juryen hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukke ut vinnarteikningane frå dei tre skulane, samt teikninga som skal vidare. Vi meiner Mia si teikning inneheldt dei kriteria vi såg etter, seier Kirsten Lyslo frå Lions Sandane, og legg til at Ståle Fitje leia juryen.

Dette er 7. gong Lions Sandane har engasjert seg i den verdsomspennande teiknetevlinga, som Lions Internasjonalt og Dei Sameinte Nasjonane står bak. Den beste teikninga, valt ut av dei beste frå kvart land, vert ”Fredsplakat 2015”.